Hopp til innhold

Skadd etter sykkelulukke.

Ei kvinne i 50-åra vart skadd i ei sykkelulukke i Flåm i Aurland måndag. AMK ved Førde sentralsjukehus seier tilstanden til kvinna er alvorleg, men stabil. Politiet opplyser til NRK måndag kveld at ulukka skjedde rundt klokka 13 måndag ettermiddag. Kvinna skal ha måtta bråbremse då sykkelen framføre ho bremsa, og stupt over styret.