Hopp til innhold

Mistenkt for promille

Politiet fekk klokka 22.43 laurdag kveld melding om at ein bil hadde køyrt utfor vegen like før Fimland i Naustdal kommune. Føraren vart teken med til sjukehus for kontroll. Det er mistanke om at føraren var rusa, og det vart teke blodprøve.