TURIST GJEKK SEG VILL:
Klokka 23:00 i går kveld fekk politiet telefon frå ein amerikansk turist som ikkje fann vegen ned igjen frå fjellet då han skulle gå frå Ulrikken over Rundemannen og ned igjen. Politiet forsøkte å leie han på telefon, men det var mørkt og han fann ikkje ut av det. Til slutt vart det sendt opp ein hundepatrulje som fekk henta mannen ned.