Hopp til innhold

Bot etter råkøyring i 50-sone

Ein ung mann frå Sunnfjord er dømd til 14 dagar fengsel på vilkår etter at han vart målt til 86 km/t i ei 50-sone. Råkøyringa fann stad i eit bustadfelt ein fredag føremiddag i mai. Mannen i starten av 20-åra vedgjekk forholdet då han møtte i retten. Han er dømd til å betale 5000 kroner i bot og må vere utan førarkort i ti månader.