Hopp til innhold

Ein til sjukehus etter nevekamp

Fleire personar var involverte i slåsting utanfor ein utestad i Florø i halvtre-tida i natt. Då politiet kom til staden vart ein person sendt til sjukehus for observasjon. Politiet har førebels ikkje oversikt over kva som eigentleg starta bråket. Vindauget på ein ambulanse vart øydelagt av ein mann i 20-åra. Flora politistasjon føl opp saka, opplyser politiet.