Redningsoppdrag i Flåm
Det er nyleg sett i verk eit redningsoppdrag i Flåm. Politiet har førebels lite opplysningar, men seier ein kvinneleg syklist har ramla på Rallarvegen. Vedkommande skal vere sterkt skadd. Rallarvegen er ein populær, men krevjande og bratt veg som blir mykje nytta av syklistar. NRK kjem tilbake med meir.