Hopp til innhold

Kan byggje gigantkjøpesenter

Det blir no fritt fram for å byggje gigant-kjøpesenter i fylket. Ein fjorten år gammal arealplan seier at berre dei største stadane Førde, Florø, Sogndal og Eid kan byggje store kjøpesenter over 10.000 kvadratmeter. Men eit samla fylkesutval endrar no planen slik at alle kommunar får lov.