Hopp til innhold

Nekta godta førelegg

Det er oppretta sak mot to førarar etter at dei i går kveld ikkje ville vedta førelegg for høg fart under to ulike fartskontrollar i Florø. Patruljen frå UP hadde først kontroll i ei 60-sone ved Brandsøy, der det vart skrive ut tre forenkla førelegg. Seinaste stod dei i 80-sona på Hovland, også der vart det skrive tre forenkla førelegg. Høgste målte fart i denne kontrollen var 111 km/t.