-Dei prova som er lagde fram for retten syner at Jarle Kvalheim snakkar usant, og det i seg sjølv er svært straffeskjerpande, sa 1. statsadvokat Petter Nordeng.
Han legg til grunn at det er ingen tvil om at mange av
selskapa Kvalheim har operert med ikkje eksisterer. Dette gjeld også falske dokument og falske fiskekjøp.
- Dette er berre fantasiar frå Jarle Kvalheim for å tappe
statskassa for momskroner, sa aktor.
Aktor gav også uttrykk for at Kvalheim må ha lagt ned eit
stort arbeid med å skape oppdikta personar og bedrifter.
Mange av breva frå ikkje-eksisterande personer inneheld
personlege forhold og opplysningar om familiære forhold.
-I utgangspunktet er det lite som talar for at dette kan vere fiktive brev og personar, og det syner den innsatsen han har lagt ned i arbeidet, påpeika aktor.
Aktor peika mellom anna på at mange diskettar med falske
dokument er funne på Kvalheim sitt kontor. Kvalheim har
forklart at dette har han fått frå personar som aktor meiner ikkje eksisterer.
- Tiltalte si forklaring er usann og latterlig, la aktor til.