Hopp til innhold

To arresterte etter tjuveri og skadeverk

Ei kvinne og ein mann i slutten av tenåra blei laurdag ettermiddag arresterte på Åsane i Bergen.

Dei er mistenkte for både tjuveri og skadeverk i to bedrifter i 16-tida.

Politiet meiner dei har brote seg inn og gjort hærverk hos Vianor og den frivillige bedrifta Hjerterom.

– Det er litt uavklart kva som er gjort, men på Hjerterom ser det mest ut som det er gjort hærverk. På den andre staden er det vekke airpods og mobiltelefonar, seier politiadvokat Linn Søfteland i Vest politidistrikt.

Det var via dei stolne øyrepluggane dei to blei funne av politiet. No har dei to personane overnatta i arresten.

– Dei blir avhøyrde i dag og blir truleg sleppt fri etterpå.

Skadeverk Hjerterom på Åsane i Bergen
Foto: Politiet