Hopp til innhold

-Opplever ikkje rasisme i Sogndal

Sholastique Citegese og Libean Warsame i Sogndal kjenner seg ikkje att i framstillinga tre flyktningar frå Burundi har gitt av rasisme i bygda.

Flyktningane frå Burundi, som no bur på Sandane, har fortalt at dei vart kasta stein etter, og at dei kjende seg mistenkeleggjorde på butikkar i Sogndal.

 -Hyggelege folk i Sogndal

Sholastique Citegese frå Burundi og Libean Warsame frå Somalia har budd i Sogndal i fleire år. Dei seier dei aldri har opplevd rasisme i Sogndal , og synes folk i bygda er hyggelege.