Hopp til innhold

-Mållova er molbopolitikk

Arne Sortevik (Frp) meiner det der molbopolitikk at Haukeland Universitetssjukehus må nytta nynorsk.

Stortingsrepresentant Arne Sortevik fra Fremskrittspartiet.
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- I ein situasjon der dårleg sjukehusøkonomi og lange ventelister pregar kvardagen til dei tilsette, er det rett og slett horribelt at styret i Helse Bergen skal bruke tid på diskutere kva målform dei tilsette skal ha lov til å skrive, seier han til BT .

- Grotesk problemstilling

Stortingsveteranen tykkjer det går over streken når myndigheitene krev at sjukehuset må nytta nynorsk i all ekstern informasjon.

- Målstriden framstår som krenkjande for alle som ventar på sjukehusbehandling, seier Sortevik, som har bede helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen gripa inn.

I brevet til Strøm-Erichsen har han karakterisert problemstillinga om språkbruken ved Haukeland universitetssjukehus som grotesk.

- Eg meiner det er heilt irrelevant kor vidt det vert skrive nynorsk eller bokmål på sjukehusa. Deira oppgåve er å behandle og gjere pasientane friske, seier Sortevik.