Drageset meiner dette er eit viktig bidrag for å hjelpe eit selskap og ei næring som slit tungt. - Det er viktig at det offentlege stiller opp slik at skjelnæringa etter kvart kan bli i stand til å stå på eigne bein, seier han.
Mislukka PR-jippo
Det Bergensbaserte selskapet Fjord Aker har ei mørk historie bak seg. Frå dei opna det største mottaket for blåskjel i landet, i Gulen, har problema stått pent i kø. Opninga skulle vere ein PR-jippo, men PR vart det mest i etterkant, fordi dei prominente gjestene vart sjuke av blåskjela dei fekk servert. Pr-byrået Kommuniké i Bergen, som var leigd inn til evenementet, truga i etterkant men å slå heile skjelselskapet konkurs, fordi dei ikkje betalte for seg.
Mange aksjeutvidingar
Også småkreditorar har rive seg i håret over manglande betaling frå Fjord Aker. Lista over aksjeutvidingar er lang, og til dømes gjekk ein einskildaksjonær på eit kritisk tidspunkt inn med åtte millionar kroner i frisk kapital, noko som redda selskapet frå konkurs i 2001.
Har aksjonærar i ermet
No skriv vi mai 2003. Selskapet har eit udekka underskot på 9,2 millionar kroner og ein negativ eigenkapital på 6,1 millionar kroner. Administrerande direktør i Fjord Aker, Nils Christian Ellingsen, seier det er positivt at fylkesrådmannen no går inn for å bidra til å betre balansen i selskapet. Reint praktisk vil ikkje ettergivinga av dei 600 000 kronene ha noko å seie, men i rekneskapen vil det bli ført som inntekt i staden for gjeld.
Ellingsen seier han no har aksjonærar i ermet, som han ventar vil bidra med sårt tiltrengt frisk kapital til selskapet, men han vil førebels ikkje seie noko om kven desse er.
Saka skal opp i Fylkestinget 4. juni.