Sokneprest i Høyanger, Kjersti Brakestad Boge, refsa den sentrale Hydroleiinga i Oslo frå preikestolen 1. mai. Ho meiner dei ikkje bryr seg om framtida til industrisamfunnet, og berre er interessert i å tene mest mogleg pengar. Hydroleiinga har gjeve uttrykk for at dei ikkje vil modernisere aluminiumsverket i bygda, og difor ser no framtida for industristaden mørk ut. Sokneprest Kjersti Brakestad Boge meiner den sentrale Hydroleiinga manglar verdisyn.
Hydro avviser
600 jobbar i Høyanger vil ryke dersom den eldste elektrolysehallen blir stengt i 2007. Det viser tal som Hydro-leiinga i Høyanger sjølve er komne fram til. Informasjonssjef i Hydro Aluminium, Tor Steinum seier det ikkje er gjort vedtak om kva Hydro vil gjere med verket i Høyanger. Han avviser at den sentrale leiinga manglar verdisyn.