-Uhaldbar og uansvarleg vekst for veldig liten nytteverdi, meiner leiar i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim.
At helikopterturisme har liten nytteverdi, det er nok ikkje alle like einige med Solheim i, og då spesielt ikkje dei som kjempar for å innføre helikopterturar til fjelltoppen Kaldakari og Fresvikbreen.
Forkjemparane har stor tru på at dette skal bli turistmagnetar som vil gje ny giv til fråflyttingstruga bygder.
Klimabombe
Men Naturvernforbundet meiner det vil vere ei klimabombe om desse prosjekta vert realitet. Talmaterialet har dei fått frå Vestlandsforskning og forskar Carlo Aall.
-Det vi har gjort er å samanlikne dei tala med det utsleppet som kjem frå lufttransporten innan Sogn og Fjordane, og det gjev ei auke på 10-50 prosent dersom ein tenkjer seg desse 100 000 personane frakta opp til breane med helikopter.
Spesielt Kaldakari-prosjektet har vore omstridt. Miljøvernministeren sette foten ned for planane om helikopterturisme tidlegare i år, men seinast i går var Carl I. Hagen på besøk i Veitastrond.
Useriøs Hagen
Han er det nye håpet til veitastrendingane, og vil ta opp saka på Stortinget til hausten. Men Erik Solheim fnys av dette. -Han har allereie stilt seg heilt utanfor den seriøse debatten ved å seie at menneskeskapte klimaendringar er berre tull, så frå det haldet kan vi nok ikkje vente stort, seier Solheim.