-Harastølen vil koste 60 millionar

Det vil koste omlag 60 millionar kroner å få hovudbygningen på Harstølen i Luster i stand att. Det seier direktør Tor Syverud i Tinfos.

- Med ei grunnflate på over 1000 kvaderatmeter og fire etasjar så rundar vi vel 60 millonar før bygget står i skikkeleg stand.

Lokal investorgruppe

Det er Tinfos som no eig Harastølen. Tinfos skal byggje ut kraftressursane på eigedommen, men vurderer også turistverksemd i den store bygningsmassen.

Men dette er ikkje pengar Tinfos vil gå inn med sjølv,  for dei syslar helst med kraftutbygging. Dei er no i samtalar med ei lokal investorgruppe, seier Syverud.

- Det som det ligg an til no er å få til ei løysing der ein satsar på turisme i form av hotell eller leiligheiter. Vi jobbar no mot ei investorgruppering i fylker her som vi har stor tru på.

- Kven er det?

- Nei, det vil eg ikkje seie.

- Fosiktig optimist

Luster kommune har så langt gitt mykje støtte til Harastølen og fått lite att. Etter å ha møtt Syverud tysdag er ordførar Torodd Urnes likevel forsiktig optimist.

-Ja viss det nokon gong skal vere håp om det, så har vi litt tru på det no. Så vi er veldig spente på om dei no klarer å realisere det som dei har tenkt, seier ordføaren.

Forstår at folk er skuffa

Syverud forstår at det er vanskeleg for folk å tru på nye planar om Harastølen. Til det har det vore for for mykje forfall og for lite framdrift etter at Harastølen AS overtok eigedomen i 1999.

- Det har vore mange uheldge hendingar på Harastølen, dei var nok litt luftige dei vyene som Harastølen hadde for seks-sju år sidan då selskapet vart stifta. Det har nok vore tapt ein del tid på prosjekt som det korkje var bereevne eller realisme i. Så det skjønner eg at folk er skuffa over.