Samarbeidet som skal endeleg vedtakast av fylkestinga i desember betyr ikkje berre at dei to selskapa kan blir meir lønsame. Det kan også bety at fylkeskommunen nyttar høvet til å realisere store verdiar som ligg i Fylkesbaatane. Den største summen ligg i Widerøe-aksjar. Fylkesbaatane eig nemleg 12 prosent av flyselskapet, og desse aksjane blir ikkje med i samanslåinga. Dei blir lagt over til eigaren - Sogn og Fjordane fylkeskommune.
-Eg ser ingen grunn til at vi skal sitje som eigarar i Widerøe over lang tid. Verdien av desse aksjane i dag er på rundt 50 millionar kroner. Så blir det ei vurdering kor tid ein kan få mest for dei, seier fylkesordføraren, som også ser for seg at det er mogeleg å hente ut pengar direkte frå Fylkesbaatane.
-Aksjelova gjev no selskap løyve til å kjøpe aksjar i eige selskap. Viss Fylkesbaatane kjøper 10 prosent av aksjane i sitt eige selskap, så vil det gje oss 30 millionar kroner, seier Nils R. Sandal.