teikning: Elin Fagertun
Arve Beheim Karlsen vart sist sett då han sprang over ei gangbru ved Sogndalselva, og inn under ein fotgjengarundergang. I følge tiltalen ropte dei to "drep han" og "drep denne negeren" då dei forfølgde han. Den hovudtiltalte har nekta å forklare seg for politiet sidan april 1999 - og difor var det stor spenning knytta til om han kunne kaste lys over det som hadde skjedd.
Men mannen hadde store problem med å hugse viktige detaljar.
-Eg traff Arve på skyss-stasjonen. Han kom bort og spurte om han fekk snakke med meg. Eg sa det var greitt, og vi gjekk bort til nokon bussar, forklarte 19-åringen, som er tiltalt for å ha teke tak i hovudet til Arve Beheim Karlsen og dradd han bak bussane.
Det nekta han for å ha gjort.
Mannen hugsa ikkje kvifor Beheim Karlsen ville snakke med han.
-Men eg sa det eg brukte å seie når han kom til meg. At eg ikkje var særleg interessert i å snakke med han, sa mannen som tidlegare på dagen hadde forklart at han mislikte Arve Beheim Karlsen sterkt.
Forklaringa på det var at han oppfatta Arve som skrytete, mellom anna for sine kunnskapar om musikk.
Episoden bak bussane enda med at Beheim Karlsen la på sprang, men tiltalte kunne ikkje forklare kvifor.
-Hadde han grunn til å springe, spurte statsadvokat Jan Hoel.
-Han vart antageleg redd.
-Kvifor?
-Vi hadde vel krangla om noko.
-Du kan vel betre enn dette. Du må ha nokon tankar om det? spurte Hoel utan at den tiltalte kunne gje nokon fullgod forklaring.
-Eg hadde vel grunn til å springe etter han. Hadde truleg rista han om eg hadde fått tak i Arve.
Den hovudtiltalte forklarte at Beheim Karlsen fleire gongar hadde kontakta han om bror til tiltalte, som tidlegare den vinteren hadde mishandla Beheim Karlsen. Men han kunne ikkje seie sikkert om det var det som var årsaka til praten.
- Var du sint, spurte sorenskrivar Steinar Velle.
- Nei ikkje voldsomt sint, sa den tiltalte.
Han hugsa at han og den andre tiltalte sprang etter Beheim Karlsen over gangbrua, medan ein kamerat av Arve kom bak. Den tiltalte var full etter å ha drukke rundt ti pils og ein god del av ei halvflaske "seksti". Difor sakka han av, forklarte han for retten.
Då han kom over gangbrua tok han ned mot fotgjengarundergangen som går parallellt med Sogndalselva - 15-20 meter unna.
I retten var han veldig usikker på om han hadde sprunge gjennom undergangen - eller om han hadde stoppa rett før. Han avviste også at han hadde ropt noko, at han hadde høyrt den andre tiltalte rope noko, eller at han hadde gjort noko med Arve Beheim Karlsen ved undergangen.
-Eg såg han ikkje igjen. Eg veit ikkje ein gong om han sprang ned til fotgjengarundergangen, sa mannen.