Hopp til innhold

-Alle blir taparar

Krangelen mellom leiinga i Helse Førde og leiaren i Nordfjordrådet rullar vidare.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

-Nordfjord-miljøet taper på å gå så hardt ut mot Helse Førde.

Det seier fagdirektør i helseforetaket, Hans Johan Breidablikk.

I går skulda leiar Sonja Edvardsen i Nordfjordrådet leiinga i helse førde for å oppføre seg nedlatande og krenkande.

- Det er ikkje noko godt samarbeidsklima og det vitnar heller ikkje om noko ynskje om eit konstruktivt samarbeidsklima seier Breidablikk.

- Eit kalkulert helvete

Det var i går at Sonja Edvardsen, leiaren i Nordfjordrådet, skulda leiinga i Helse Førde for å vri og vrenge på fakta og for å snakke til folk på ein nedlatande måte. Fagdirektør Hans Johan Breidablikk vart skulda for å oppføre seg latterleggjerande og krenkande. I kraftsalva frå Edvardsen vart også styremedlem Harry Mowatt kalla ubehøvla og usakleg.

Bakgrunnen er lesarinnlegg frå Breidablikk og Mowatt i lokalavisene der Harry Mowatt mellom anna skriv at det er "så avgjort eit kalkulert helvete" å vere styremedlem i Helse Førde

Edvadsen skriv også i brevet at "Fagdirektøren (Breidablikk) brukar metaforar frå folkeeventyra (klippe, klippe/kjerringa mot straumen) for å karakterisere folket i Nordfjord på ein nedlatande, latterleggjerande og krenkjande måte"

- Vi bli framstilt som bakstreverske og dumme. Når vi får servert det av ein fagdirektør som skal ivareta ein seriøs debatt og ei forsvarleg teneste, då meiner eg situasjonen er komen på eit usakleg nivå som folk i Nordfjord ikkje fortenar sa Edvardsen.

Vil tape tilslutt

Bakgrunnen for Edvardsen sitt utspel er at ho meiner Helse Førde kjem med totalt misvisande fakta i saka om reduksjon av ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus. Breidablikk meiner på si side at Edvardsen skyt høgt over mål, og at det er ho sjølv og Nordfjord sjukehus som taper på at ho går ut på denne måten.

- Det blir jo berre taparar i dette seier Breidablikk

- Dette er ikkje bra for Helse Førde, men den som kjem med slike uttaler og brukar slik retorikk vil bli den tapande part tilslutt

- Det er dessverre ein slik tendes til å lage uro og verste fall tenking.

Edvardsen seier skuldingane frå Breidablikk får stå for hans eiga rekning. Ut over dette ønskjer ho ikkje å kommentere saka.