Hopp til innhold

- Vrir og vrenger på fakta

Leiaren i Nordfjordrådet skuldar Helse Førde for faktafeil i saka om å flytte akuttberedskap til sentralsjukehuset.

Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, på styremøtet i Helse Førde
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Kjernen i saka er at Helse Førde seier at omlegginga av ortopeditilbodet vil føre til 2,4 prosent mindre aktivitet ved Nordfjord Sjukehus, seier Edvardsen.

- Men det er heilt feil.

Krev at faktafeil blir retta opp

For ifølgje Edvardsen og Nordfjordrådet er det ein mykje større del av aktiviteten som forsvinn viss ortopeditilbodet blir sentralisert, slik styret i Helse Førde har vedteke.

- Det er heilt feil. Det kjem til å bli ein reduksjon på 38 prosent, og dette krev vi at administrasjonen rettar opp i, seier Edvardsen.

- Store konsekvensar

Ho meiner at prosenten som er presentert av Helse Førde gir eit forvrengt bilete av den verkelege situasjonen, og at det gir sentrale styresmakter, innbyggjarar og andre fagpersonar misvisande informasjon.

- Dette kan få store konsekvensar for Nordfjord sjukehus. Når sentrale styresmakter, innbyggjarar og andre fagpersonar ser desse tala, får dei eit heilt misvisande bilete av situasjonen, seier Edvardsen.

Helse Førde ønskjer ikkje å kommentere saka.