Akkurat no ausar fiskarane enorme mengder sild opp av havet utanfor Sogn og Fjordane. Samstundes legg energiselskapa fram planar om store felt med vindmøller.
200 møller i gytefelt
Mellom anna vil Vestavind Kraft byggje 200 vindmøller på gytefelta utanfor Stad. Berre dei siste vekene er det henta opp sild verd ein milliard kroner i dei same områda.
– Eit gedigent problem
I fjor eksporterte Norge sild til ein verdi av fire milliardar kroner. Leiar Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane Fiskarlag er redd for at vindmøllebransjen skal overkøyre fiskarane på same måten som han meiner oljenæringa har gjort det.
– Vi vart fortrengde av oljeindustrien. Skal vi no bli fortrengde av vindmøllene og, så har vi eit gedigent problem. Der sildeflåten låg sist natt er midt i dei områda der det er snakk om utbygging, og med vindmøller der ville det ikkje ha vore råd å fiske.
Silden meiner det er rart om eit lønsamt fiskeri må vike plassen for sterkt subsidierte vindmøller.
– Plass til begge partane
Men forkjemparane for vindmøller meiner det er plass til begge partane. Styreleiar Alfred Bjørlo i Vindkraft Forum i Sogn og Fjordane seier at dei store møllene ikkje skal bli noko problem for fiskarane.
– I ein stor vindmøllepark blir det kanskje ein kilometer mellom møllene og fullt mogeleg med båttrafikk mellom dei, og det vil og vere mogeleg å drive ein viss fiskeriaktivitet i parken. I tillegg må parkane leggast slik at dei i minst mogeleg grad kjem i konflikt med fiskeria.