Det er dei to aktivitetane skifeltskyting og skogsløp som no er truga med å bli sletta frå programet til det frivillige skyttarvesenet. Bakgrunnen er låg deltaking.
I Sogn og Fjordane står skifeltskyting sterkt, men slik er det på ingen måte over alt. Ikkje minst i skiskyttarfylket Hordaland.
Nei til nedlegging
Utøvarane frå Sogn og Fjordane har dominert toppen av resultatlistene i skifeltskyting i ei årrekke. Norgesmeisterskapen har vore avvikla i fylket fleire gonger, sist på Seimsåsen i Årdal i vår, der sunnfjordingen Herman Erdal sikra seg kongepokalen.
Utøvar og styremedlem i Det Frivillige Skyttervesen (DFS), Jarle Tvinnereim frå Hornindal, meiner det er lite å tene på å legge ned idretten.
- Aktivitetane står sterkt her i fylket. Vi må ikkje leggje ned dei to aktivitetane i DFS som har fysisk fostring i seg, som eg meiner er ein viktig del av DFS, seier Tvinnereim. Han peikar også på at det kostar DFS lite pengar å drive dei to idrettsgreinene.
Ute på høyring
Framlegget frå Voss og Hardanger skyttarsamlag er no ute til høyring i organisasjonen. På skyttartinget i august blir det avgjort om skifeltskyting og skogsløp framleis vil ekistere som idrett.