Ordførar Kjartan Longva seier i dag at han ikkje har gitt opp håpet om fortsatt modernisering i Høyanger, men toppsjefen i Hydro gir han ikkje noko håp om å lykkast.
Innbyggjarane i Årdal og Høyanger må i staden førebu seg på omstilling til ny aktivitet, og dette skal Hydro vere med å leggje til rette for, seier Reiten dagen etter at han tok avgjerda som vil bety eit direkte tap på 330 arbeidsplassar ved dei to aluminiumsverka i Sogn.