Hopp til innhold

- Vi treng innvandrarane

Fylkesmannen meiner vi må bli flinkare til å involvere oss med innvandrarar.

Hoddo Mahamud Abdi

Hoddo Mahamud Abdi vel å flytte ut av fylket for å kome næare tanta si. Men Anne Gro Fredheim informasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen hadde helst sett at ho vart buande.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

- Vi som har vakse opp her, må bli flinkare til å ta vel i mot og inkludere innvandrarar, seier Anne Gro Fredheim informasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen.

78 nye borgarar

Ho har skrive eit blogginnlegg om dette på fylkesmannen sine heimesider.

Les innlegget; Hjarteleg velkomne

78 personar har sidan august i fjor fått norsk statsborgskap i fylket. På laurdag fekk 13 av desse beviset på at dei er norske.

- Ha døra høg

Men dei tek med seg kulturen sin til fylket. Og det meiner Fredheim er viktig. For som ho skriv;

«Dei 13 nye statsborgarane som deltok på seremonien i helga, har gjort Noreg til sitt land. Det tyder ikkje at dei skal gløyme verdiane og kulturen frå fødelandet sitt. Vi ber dei heller vere stolte over bakgrunnen sin, og bruke han til å skape gode, fleirkulturelle samfunn i fylket vårt. Vi treng lokalsamfunn der døra er høg og porten vid»

Betyr mykje for fylket

Fredheim meiner det er viktig at at innvandrarane buset seg i fylket. For dei utgjer bortimot halvparten av tilflyttarane til fylket.

- Sogn og Fjordane treng alle som éin. Vi treng alle dei innbyggjarane vi kan få, skriv ho.

Men ansvaret for at dei som kjem til fylket skal kome inn i lokalsamfunnet ligg både hos folk i fylket, men også hos innvandraren sjølv, meiner ho.

- Vi treng tankane deira

«Vi som har vakse opp her, må bli flinkare til å ta vel i mot og inkludere innvandrarar. For vi treng tankane, ideane, arbeidskrafta og mangfaldet dei nye innbyggjarane tek med seg. Dei som kjem hit, må tore å engasjere seg, tore å ta initiativ. Vi treng innbyggjarar som ser ting frå ein annan vinkel, og som stiller spørsmål ved inngrodde sanningar.»