Hopp til innhold

- Uverdig mot barneheimsbarna

Mange misbrukte barneheimsbarn i Bergen vil ikkje få oppreising frå kommunen. Det fryktar talspersonar for barneheimsbarna.

I går slo bystyret fast at det vert sett sluttstrek i 2010 for behandling av overgrepssakene mot barneheimsbarn, som på 50- 60- 70 - og 80-talet vart utsett for overgrep på barneheimar i Bergen.

Dette får fleire overgrepsoffer til å reagere.

Bergens Guttehjem på Garnes
Foto: Arkivfoto

- Dette er heilt unødvending. For dei som har vore oppi dette er det ikkje berre å setja punktum, seier Rannveig Risberg, som sjølv har budd på barneheim.

RV reagerer

- Dette er uverdig behandling av offer for overgrep, sa Torstein Dahle i RV frå talarstolen i bystyret i går kveld. Saman med SV og Frp ville han at barneheimsbarna skal kunne søke erstatning for overgrep kor tid dei måtte ønskje det.

- Viktig å avslutte eit kapittel

Bergens Guttehjem på Garnes
Foto: Arkivfoto

Men slik ville altså ikkje fleirtalet det. Kristian Helland i KrF argumenterte for fleirtalet si vilje. Han ville lage ein ende på overgrepssaka mot barneheimsborn i Bergen på 50- 60- 70 - og 80-talet.

- Når det gjeld slike vanskelege ting, er det ofte viktig å lukke eit kapittel, og kanskje spesielt for offera sjølv, sa Helland til Bystyret.