Han reagerer på at ein lokal fagkomité hevdar at ei nedlegging av fødeavdelinga i Lærdal før eller seinare vil føre til dødfødslar. Han seier ein aldri kan garantere noko i fødselsomsorga, men at det ikkje er grunnlag for å hevde at fødetenesta i Lærdal er ei fagleg uforsvarleg og dårleg løysing.
Fødestove eit bra alternativ
Øyan har sjølv lese brevet frå perinatalkomiteen i Sogn og Fjordane til Helse Vest. Komiteen består av dei fremste fødselsfagfolka i fylket, og skal sikre kvaliteten på fødetilbodet. I brevet til Helse Vest konkluderer komiteen med at om fødeavdelinga i Lærdal vert omgjort til fødestove, ja så er det berre eit spørsmål om tid før resultatet blir eit skada eller dødt barn. Øyan meiner altså dette er rein skremselspropaganda, og at viss ein er nøye med å velje dei rette pasientane til fødestova, er dette eit bra alternativ.