Hopp til innhold

- Umogeleg å stoppe mobbing på nettet

- Mobbing gjennom internett vert stadig meir vanleg, og det er truleg umogleg å stoppe, seie ein av Norges mest populære bloggarar, Terese Hafstad (17) frå Gaular.

Nettmobbing
Foto: Stephan Reis / NRK

På grunn av mobbing og sjikanering slutta ho å dele tankane sine på ein av Norges mest populære bloggar.

- Dei fleste kommentarane var at eg var feit og stygg og falsk som person.

Mista motet

Ho har byrja å skrive på bloggen igjen no. Men det sat langt inne. For 17-åringen Terese Hafstad frå Gaular vart mobba og sjikanert på sin eigen blogg. Det vart så gale at det tok motet frå henne, og ho slutta heilt å blogge.

Terese Hafstad
Foto: Eirin Aardal / NRK

- Det byrja då bloggen min vart ganske populær.

Ikkje berre vart ho mobba på sin eigen blogg, men andre har brukt hennar namn til å skrive stygge ting på andre sine bloggar.

- Dei skreiv mellom anna på nokon av favorittbloggane mine at eg ikkje likte bloggen.

- Enklare bak ein skjerm

Ho ligg på topplista over dei mest populære bloggarane i landet. Ho seier digital mobbing på nettet vert verre og verre, og at det mest truleg ikkje er mogleg å stoppe.

- Det har jo utvikla seg det siste året, så det vil sikkert utvikle seg vidare. Det er enklare å vere ein person bak ein dataskjerm, enn å ha ein person rett framfor deg.

Og det er informasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet samd i.

- Det er sjølvsagt eit problematisk område fordi ein del ytringar er ikkje straffbare å komme med. Det er meiningsytringar sjølv om dei kan oppfattast som både krenkande og unødvendige. Men vil ofte vere beskytta under ytringsfridomen.

Ytringsfridom

Men han åtvarar mot å svare dei som skriv mobbande innlegg.

- Eg ville berre valt å oversjå det aller meste av det, og er det grovt nok bør ein sjølvsagt vurdere å gå til politiet.

Terese har lært seg ei hard lekse. Legg ho noko ut på internett som andre kan kommentere, har ho ikkje mykje anna val enn å ta imot.

- Dei kan jo ikkje ha veldig mykje å gjere på. Og i tillegg når dei ikkje ein gong legg ut sitt eige namn, går det litt for langt.