Hopp til innhold

- Uhøyrt av Helse Førde

Helse Førde har avlyst ambulansemøtet med Aurland kommune. – Dette er uhøyrt, seier Arne Sunde til Sogn Avis.

Arne Sunde

- UHØYRT: Arne Sunde.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Han er leiar i hovudutvalet for omsorg, oppvekst og kultur i Aurland.

Aurland kommunestyre vedtok i førre møte å tilby seg å byggje ambulansestasjon med plass til to ambulansar til Helse Førde. Kommunen inviterte i etterkant Helse Førde til eit møte.

Måndag kom svaret får Helse Førde. Dei finn det ikkje føremålstenleg å ha noko møte sidan Aurland ikkje er ein del av planane for å styrke ambulansetenesta i Indre Sogn.