Hopp til innhold

- Ufarlig med deponi i fjorden

Geolog Einar Alsaker meiner at deponering av gruveavfall i Førdefjorden er ufarleg.

Engebøfjellet

ENGEBØFJELLET: Her i dette fjellet aust for Vevring ønskjer selskapet Nordic Mining å utvinne mineralet rutil.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han seier til avisa Firda at saka om gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal er framstilt som noko forferdeleg for samfunnet .

– Dette er ikkje tilfelle, seier han til avisa. Saman med kona driv han Sunnfjord Geo Center.

Har frårådd deponi

Selskapet Nordic Mining vil ha gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal, og frå ulike hald kjem det ulike påstandar om kor skadeleg eit deponi i fjorden vil vere. Havforskingsinstituttet er blant dei som har frårådd eit deponi.

– Vil ikkje bli miljøkatastrofe

Alsaker på si side er oppgitt over at usanningar om konsekvensane av eit deponi får florere, og seier eit fjorddeponi ikkje vil føre til forureining.

– Det vil heller ikkje føre til miljøkatastrofe.

Steinbrotet i Engebøfjellet

SA JA: Fylkespolitikarane sa ja til det omstridde gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining