Hopp til innhold

- Tøft for Sogndal i eliteserien

Trenar Harald Aabrekk spår at det blir tøft for Sogndal i eliteserien.

Video - Tøft for Sogndal i eliteserien

Det er 20 år sidan elitedebuten til Aabrekk. I 1991 trente han for første gong eit eliteserielag då Sogndal rykka opp til det øvste nivået.

Trur dei må kjempe hardt

Og som den gongen spår han ein tøff kamp for å unngå nedrykk.

– Eg er i ferd med å bli ein gammal mann, men livserfaring er viktig å ha med seg. Eg føler meg iallefall meir komfortabel enn sist.

Han trur det nyopprykka laget må kjempe for å halde seg i eliteserien.

– Vi har nettopp rykka opp og vi er laget med dei minste ressursane.

– Aabrekk er rett mann

Eirik Bakke seier han gledar seg til å ha Aabrekk som trenar. Han trur at dei har rette mannen også dersom det skulle bli motgang.

– Eg er trygg på at vi har den rette trenaren. Han har eit glimt i auge og eit smil på lur. Dette er viktig i spelargruppa, spesielt i motgang.

Laget er i desse dagar på treningsopphald på La Manga. Der ladar dei opp til sesongstart.