Hopp til innhold

- Tøft å få Selje Ap på beina att

Då Selje Arbeidarparti denne veka inviterte til ope møte i forsøk på å få lokallaget på føtene att, var det berre ein potensiell ny medlem som møtte opp.

Ole Bosnes

Ole Bosnes er ein av dei passive medlemmane i Selje Ap som no arbeider for å få lokallaget på føtene att.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

Det syner at håpet om å få restarta lokallaget er mindre etter møtet enn før, det skriv Fjordenes Tidende på nett.

Selje treng Arbeidarpartiet

Det var i vår at styre- og kommunestyremedlemmar i Selje Ap la ned verva sine i protest mot sjukehussaka.

Det har vore indre strid i Arbeidarpartiet om framtida til lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal.

Ola Bosnes som er ein av dei passive Ap-medlemmane i Selje meinte før møtet at var mogleg å kome tilbake i manesjen.

- Vi meiner det finst mange lokale saker i Selje kommune som treng ei løysing, og då er det viktig at Arbeidarpartiet har ei viss han på rattet, sa Bosnes til NRK tidlegare denne veka.

Gir ikkje opp

Men etter at berre ein potensiell ny medlem møtte opp kan det sjå ut som at Arbeidarpartiet har dårlege veksttilhøve i Selje om dagen, ifølgje avisa.

Likevel ser Bosnes lyst på utfordringa om å få til ei Ap-liste ved kommunevalet neste år.

- Eg vedgår at det ikkje var så mange som vi hadde ønska som møtte opp. Men samtidig var det eit positivt og konstruktivt møte, seier Bosnes til NRK.

- Inga enkel oppgåve

Han seier dei arbeider med strategiar for å klare å stille liste til kommunevalet neste år.

- Men det er klart at vi har både tida og vegen å gå før vi har på plass eit forslag til liste, seier Bosnes.

Han håpar at dei i løpet av ein månad vil sjå resultat av arbeidet.

Eli Eide Årevik var kommunestyrerepresentant for Selje AP fram til i mai då ho var blant mange som la ned verva sine. Ho var den einaste utmelde som møtte på møtet denne veka.