Hopp til innhold

- Svelgen sett 50 år tilbake

- Stenginga av Haukåtunnelen i tre veker er ei krise for næringslivet og innbyggjarane i Svelgen, seier leiar Bjørgulf Myklebust i Svelgen Næringsråd.

Haukå

Haukå sett frå riksveg 614 ved Haukåtunnelen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Frå måndag 7. september må reisande mellom Svelgen og Florø bu seg på å ta ferje, ein tur som tek to timar.

Ferje Kjelkenes-Florø

Statens Vegvesen skal utbetre riksveg 614 i og ved Haukåtunnelen, og det fører til at vegen blir stengd i tre veker. I mellomtida skal to ferjer gå i skytteltrafikk mellom Kjelkenes og Florø.

Kjelkenes ferjekai

Folk i Svelgen må i tre veker ta ferja frå Kjelkenes når dei skal til Florø

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dette set oss 50 år tilbake i tid, seier Bjørgulf Myklebust, som er svært opprørd.

– Kan ikkje akseptere det

– Dette er ei isolering. Eg har ikkje høyrt om at planlagde prosjekt krev tre veker stenging nokon annan stad i Norge. Vi kan ikkje på nokon måte akseptere ei stenging på slike vilkår.

– Ei anna sak er at Bremanger kommune og Svelgen har eit brannberedskapssamarbeid med Flora kommune, og det blir kraftig redusert ved ei stenging av vegen.

– Ikkje forsvarleg

Men Statens Vegvesen meiner Haukåtunnelen er i ein slik tilstand at dei ikkje torer noko anna enn å stenge han medan arbeidet pågår, seier distriktssjef Einride Horstad.

– Vi er svært lei oss for at vi må stenge tunnelen, men vi er nøydde til det av omsyn til trafikktryggleiken. Då vi starta med tunnelsikring i Haukåtunnelen viste det seg at fjellet er av ein slik kvalitet at når vi jobbar i det så er det ikkje forsvarleg å ha tunnelen open.

– Men kvifor gjer de det ikkje slik at de jobbar innimellom, slik at ikkje vegen er stengd 24 timar i døgeret?

– Vi har hatt geolog på staden, og ut frå vurderingane hans og våre eigne vurderingar har vi kome til at det ikkje er tilrådeleg. Fjellet er så dårleg at vi er nøydde til å sprøyte tunnelen med betong og la det tørke før vi kan ta til å bolte, slik at det blir ein sikker tunnel å ferdast i. Vi har gjort testar som viser at det er heilt nødvendig å halde trafikantane unna så lenge arbeidet pågår.