- Eg kan ikkje begripe at dei finn på noko slikt.
Det seier fiskar Arne Saltskår, som meiner årsaka til at fisket er starta så tidleg, er at det er tomt for King Oscar på boks.
Fisket er i år oppstarta to månader tidlegare enn normalt.
- Fisken vil rótne
Saltskår hevdar brislingen, som etter at han er fiska opp, blir liggande i mærar i opptil to veker. Ettersom det no er så høge vasstemperaturar, vil han stryke med og rótne, meiner Saltskår.
- Lite ein kan gjere
Sildesalslaget meiner fiskarane sjølv har vore med på å bestemme det tidlege fisket.
- Det er lite vi kan gjere no. Dei naturgitte tilhøva er vanskeleg å spå på førehand, seier salsleiar Oddvar Sæther.