Hopp til innhold

- Sp sviktar friskulane

- Senterpartiet sviktar friskulane, hevdar gruppeleiar i Kristeleg Folkeparti, Svein-Ottar Sandal.

Gruppeleiaren til KrF i fylkestinget kjem med påstanden etter at Senterpartiet gjekk imot å utvide studietilbodet ved Sygna vidaregåande skule, som er ein kristen privatskule i Balestrand.

- Rar sak å markere seg på

Svein-Ottar Sandal reagerer på Senterpartiet sitt nei fordi partiet i valkampen lova at innskjerpingar i friskulelova ikkje skulle få konsekvensar for skular med livssynstilknyting.

- Eg hadde trudd at Senterpartiet var med på ein slik søknad. For det handlar jo ikkje om å opprette ein ny privat, vidaregåande skule. Saka dreiar seg om å endre på studietilbodet på ein alt godkjend friskule. Eg synest det er rart at partiet brukar denne saka for å markere at dei er imot friskular, seier Sandal.  

Avviser kritikken

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Knut M. Olsen, avviser kritikken, og seier nye studietilbod ved Sygna får konsekvensar for det offentlege skuletilbodet.

- Vi har veldig mange sårbare, offentelge skuletilbod i same området, både i indre Sogn og spesielt i Høyanger, som ligg nærmast. Så vi synest det er feil viss eit nytt studietilbod på Sygna vil føre til at vi må ta bort ein klasse frå ein av dei offentlege skulane, meiner Olsen.