Hopp til innhold

- Sosial dumping på Mongstad

Ein av samarbeidspartnarane til StatoilHydro driv med sosial dumping, hevdar LO.

Mongstad
Foto: StatoilHydro / N.N.

Petroleumstilsynet har ført tilsyn med oppføringa av kraftvarmeverket på StatoilHydro Mongstad. Tilsynet innebar undersøkingar av arbeidsmiljøet og løns- og arbeidsvilkår for utanlandsk arbeidskraft. Det er Dong Energy som arbeider på staden. Med seg har dei underleverandørane NEM og General Electrics.

- Me fekk nedslåande resultat då me spurde Dong Energy om å få innsyn i arbeidsavtalar og lønsvilkår, fortel LO-koordinator på Mongstad, Truls Olav Nilsen.

Kart Mongstad
Foto: NRK

Etterlyser dokumentasjon

Også underleverandørane måtte framsyna denne dokumentasjonen.

- NEM oppførte seg uproft og hadde ingen svar då me spurde etter arbeidskontraktar, fortel Nilsen.

No må NEM dokumentera til petroleumstilsynet at dei austeuropeiske arbeidstakarane deira har arbeidskontrakt og rett løn.

Tolmoda til LO er slutt.

- Me har freista å samarbeida med aktørane, men dette har me ikkje lukkast med. No er LO sin tolmod slutt. Tilhøva som er dokumenterte på Mongstad er uhaldbare, seier LO-koordinatoren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mongstad

StatoilHydro Mongstad.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Sosial dumping

Dei tilsette i Dong Energy og NEM er mellom anna frå Estland, Ungarn, Litauen, Tyskland og Russland.

- Me har gått rundt på området og snakka med dei tilsette i desse bedriftene. Fleire av dei fortel om lønningar på mellom sju og ni euro. Det er langt under det lovbestemte, seier Nilsen.

LO møtte redsel hjå fleire av arbeidstakarane.

- Folk var redde for å visa fram den dokumentasjonen dei i så tilfelle hadde. Dei fryktar heimsending, fortel Nilsen.

- Har de mistanke om at sosial dumping føregår i NEM?

- Me mistenkjer ikkje lenger at det skjer. Me er overtydde om at det skjer sosial dumping, konstaterer LO-representanten.

Misnøgd hovudselskap

Informasjonsleiar i StatoilHydro Mongstad, Kåre Ness, er ikkje tilfreds med situasjonen.

- Dette er ei forbaska sak for oss og for alle, seier han til NRK Hordaland.

Som hovudbedrift har StatoilHydro ansvar for at underleverandørane opererer innafor norsk lov. Han fortel at bedrifta har hatt mistanke om dårlege arbeidsvilkår i NEM i lengre tid.

- Kvifor har de ikkje gjort noko med dette før?

- Dette er ein prosess der ting modnast, og ein vil i utgangspunktet løysa dette på ein god måte utan at ein skal utestenga nokon. Og dette tek tid, forklarar Ness.

Om det har teke for lang tid før StatoilHydro reagerte, vil ikkje Ness spekulera i.

- Dette er ei sak som ikkje skulle ha oppstått i utgangspunktet, seier Ness.

No har StatoilHydro skrive brev til Dong Energy der dei krev at dokumentasjon vert framlagd snarast. Ness fortel at dei ikkje ynskjer å utestenga nokon.

- Firma som ikkje oppfyller krav til løns- og arbeidsvilkår må me stengja ute, fortel informasjonsleiaren.

Siste frist på laurdag

Underleverandøren til Dong Energy, det nederlandske selskapet, NEM, har fått fleire fristar for dokumentera at dei driv rettmessig i høve arbeidstakarane sine. Dei har ikkje overhalde nokon av dei.

- Petroleumstilsynet har sett frist for NEM til laurdag 11.oktober. Kan dei ikkje dokumentera arbeidstilhøva då, vert dei heilt eller delvis stengt ute frå anlegget, stadfestar pressetalskvinne i petroleumstilsynet, Inger Anda til NRK Hordaland.

Pålegget er gjeve i samsvar med allmenngjeringslova, som skal sikra utanlandske arbeidstakarar dei same rettane som norske.

Vil levera

Pressemedarbeidar i Dong Energy, Ulrik Frøhlke, seier til NRK Hordaland at han reknar med at underleverandøren, NEM, leverer den påkrevde dokumentasjonen til petroleumstilsynet innan fristen.

- Eg ynskjer ikkje å spekulera i kvifor det har teke NEM så lang tid å framskaffa denne dokumentasjonen, seier han.

Han vil ikkje vera med på å kalla situasjonen for sosial dumping.

- Eg vil ikkje tru at nokon av våre leverandørar driv med sosial dumping. Det einaste me veit er at dei ikkje har levert den etterspurde dokumentasjonen, understreker han.