Går du rundt og hanglar og kjenner deg tufs er du ikkje aleine - no er årets influensaen her.
Det seier Lars R. Håheim ved Influensasenteret i Bergen.
- Alt tyder no på at vi har en situasjon som er typisk vinterepidemisk. Slik har vi enkelte år, sier professor Håheim.
Klassisk epidemi
Symptoma som vert rapportert inn til Håheim, er symptom vi kjenner frå før: Akutt innsettande feber, muskelsmerter og hovudverk.
Men ikkje alle som kjenner seg att i desse symptoma, kan kalle plagene influensa. Om ikkje feberen vedvarer har du neppe noko anna enn ein forkjøleslse.
Ved Influensasenteret på Universietet i Bergen kan ei enkel prøve avsløre om det faktisk er vinterinfluensa du lir av.
- No aukar talet på dei som faktisk har influensa.
- Legg deg under dyna
Så mykje hjelp å få er det uansett ikkje om du skulle bli smitta.
Dette er råda frå Influensasenteret:
- Hald deg heime
- Drikk mykje
- Ta febernedsettande/smertestillande
- Søk lege om feberen ikkje vil gå ned