Bioenergi vil gje fleire arbeidsplassar meiner regionssekretæren i vestlandet Natur og ungdom.
- Det ligg mange fleire arbeidsplassar i distrikta i satsing på bioenergi enn i gass, seier regionssekretæren i Vestlandet Natur og ungdom, Pernille Hansen.
Då Jens Stoltenberg var på besøk i Florø på måndag, sa han at han skulle ha oljeindustrien i tankane om Arbeidarpartiet får makta - men dette er heilt feilslått politikk meiner Natur og ungdom.
- No må dei slutte å drøyme om gassen og heller sjå på dei andre mulighetene som Sogn og Fjordane har, seier Hansen.
Open for innspel
Og Fjaler ordførar Arve Helle er ikkje framand for å satse på anna enn gass.
- Vi er opne for å satse på alt som kan gje oss aktivitet og arbeidsplassar i HAFS-regionen, seier Helle.
Men han vil ikkje ta rådet frå Natur og ungdom om å legge bort planane om ilandføring til Lutelandet.
- Det må vere betre å gjere noko med gassen her i landet enn å sende han til utlandet, meiner Helle.
Kyoto-krav
Men Norge har plikta seg til å senke utsleppa sine gjennom Kyotoavtalen - og det er eit ansvar som ein også må ta lokalt meiner natur og ungdom.
- Alle kommunane har også ansvar for å kutte dei samla utsleppa frå Norge, det er eit ansvar som Fjaler-ordføraren òg må ta, seier Hansen.