Krf-politikar Johanna Nygjerd frå Stryn er kritisk til måten aksjonsleiaren brukar sjukehusaksjonen i ei stor annonse for Framstegspartiet i Fjordingen.
I ei stor annonse i Fjordingen står Frp-politikar og leiar for sjukehusaksjonen, Svein Hansen, fram og oppmodar lesarane om røyste Frp. I teksten står det blant anna;
"Var du ein av dei som gjekk i fakkeltog eller skreiv under på oppropet for sjukehuset i Nordfjord? stem på Åge Starheim og Framstegspartiet."