Hopp til innhold

- Sentralsjukehuset må vere motor

- Sentralsjukehuset i Førde må vere motoren i Helse Førde. Den faglege kompetansen der vil også vere ein styrke for lokalsjukehusa.

Dette er konklusjonen til strategigruppa for Sentralsjukehuset fram til 2020.

- Sentralsjukehuset i Førde må vere motoren og ta det heilskapeleg ansvaret for alle dei tre lokalsjukehusområda i fylket, står det også å lese i rapporten.

Framtidsretta

Augeoperasjon ved Førde sentralsjukehus.
Foto: Helse Førde

Helse Førde er i gang med eit stort gruppearbeid om sjukehusa våre 15 år fram i tid. Gruppa ved sjukehuset på Eid har alt levert sine tankar, og no har sentralsjukehsuet levert sitt produkt, seinare kjem Lærdal og så skal dette arbeidast saman.

Leiar i strategigruppa, Aud Viken, meiner det er heilt avgjerande at Sentralsjukehuset er eit sterkt fagleg sjukehus.

- Fagmiljøet i fylket er sårbart. Dersom vi får styrka fagkompetansen og arbeide på tvers av institusjonane, vil vi få betre kvalitet både på Sentralsjukehuset i Førde og på lokalsjukehusa i Eid og i Lærdal, seier Viken.

- Dersom vi ikkje greier å behalde Sentralsjukehuset som ein viktig motor, er eg redd heile helsetilobdet vårt ved sjukehusa raknar etter kvart, seier Viken.