Hopp til innhold

Fylkesberedskapssjef: - Fortvila situasjon for innbyggjarane

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand likar dårleg at mange er utan mobilsamband og ikkje kan kontakte naudetatane. – Ein fortvila situasjon for mange, seier han.

Portrett av Haavard Stensvand

VIL FÅ OVERSIKT OVER SITUASJONEN: Fylkesberedskapssjefen har fått nok eit døme på kor sårbare vi er når infrastrukturen ikkje verkar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Når det gjeld omfanget av situasjonen må eg berre vise til Telenor sine opplysningar. Vi veit jo ingenting om kva tid sambandet kan vere tilbake, men vi får håpe det går så raskt som mogeleg, seier Stensvand.

Han er fylkesberedskapssjef og vart sjølv varsla ved at han høyrde på radio at det var straumlaust og at fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane var utan mobilsamband ved at han høyrde det på radio.

– Eg var ikkje klar over situasjonen før eg høyrde det på nyheitene.

Fortvila situasjon

Han veit at det kjennest utrygt for mange innbyggjarar å vere utan telefonsamband.

– Dette kan vere ein fortvila og vanskeleg situasjon for mange viss det skulle oppstå ein akutt situasjon viss ein skulle ha behov for brann- eller helsehjelp. Då er det fortvilande å ikkje kunne få ein summetone og kan ringe etter hjelp.

Han rår folk til å møte opp fysisk der ein veit det finst hjelp. Men Stensvand rår folk også til å bruke nettverk av kjentfolk i nærmiljøet for å få hjelp.

– I nærmiljøet finst det alltid gode naboar som kan kontakte for å få hjelp. Det kan jo handle om å bli køyrt til ein lege i kommunen.

Sårbart samfunn

Han seier at det for dei som er råka kan situasjonen i vere alvorleg.

– Generelt så viser denne situasjonen kor sårbare vi er når infrastrukturen blir vekke. Så dette er ting vi jobbar mykje med, og finne alternative løysingar. Så dette er nok eit døme på det.

Stensvand vil ikkje seie noko om kor lenge det kan vere straumlaust og utan telefonsamband før det blir kritisk.

– Men det som må skje viss ikkje telefon og straum kjem tilbake er at kommunane og andre må tenkje på alternativ kommunikasjonsmåtar.

Han vil sjølv kontakte teleselskapa og kartlegge situasjonen.