Over eitt og eit halvt år etter at Fjord 1-konsernet vart skipa, er leiinga enno ikkje etablert i Florø. - Dette kan setje heile samanslåings-prosessen i fare, seier Hjellum. - Om det vert uro både blant dei tilsette og blant lokalpolitikarane, så kan det til sjuande og sist hende at det ikkje blir noko av samanslåinga, seier Hjellum.
Avtalen seier Florø
Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av milliardkonsernet, og Møre og Romsdal fylkeskommune eig 41 prosent. Avtalen i samband med skipinga av Fjord 1 seier klart og tydeleg at konsernleiinga skal ha adresse Florø.
Men konsernsjef Olav Smørdal bur i Molde, og har sidan august berre delvis vore på kontoret i Florø. Også økonomiansvarleg Vidar Skaar har adresse Molde. - Når Smørdal har faste kontordagar i Florø er ikkje dette problematisk, seier styreleiar Jarle Skartun i Fjord1.
- Meir enn symbolikk
Skartun sin kommentar roar ikkje næringslivet i Florø. For kvar konsernleiinga er plassert, har langt meir enn ein symbolverdi, meiner Hjellum. - Der leiinga er, der er også firmaet sitt fokus, seier han. Hjellum understrekar at det er avgjerande kvar leiinga er plassert, og seier det er styret si oppgåve å ordne opp slik at konsernsjef Olav Smørdal og hans stab raskt etablerer seg i Florø.