Hopp til innhold

- Ruspolitikken er feilslått

Fagrådet innan rusfelt i Norge meiner politikarane kjempar ein fullstendig feilslått kamp mot narkotika.

Video Frustrerte politifolk

SJÅ: Politiet er frustrerte av å pågripe dei same personane om og om igjen.

Seks av ti innsette i fengsel har rusproblem, men fagfolk meiner ein hadde kome kriminaliteten til livs med behandling i staden for straff.

- Å fylle fengsel med narkomane hjelp lite i høve til det ein ynskjer å få til. Nemlig å endre livsstilen deira og få dei ut av avhengigheita til rusmiddel, seier administrerande direktør ved Bergensklinikkene, Erling Pedersen.

- Tull og tøys

Børre Bredesen

FLAU: Børre Bredesen var tysdag i retten for 14. gong.

Foto: NRK

Tysdag fortalde NRK om Børre Bredesen frå Florø. Då møtte han i retten for 14. gong for rusrelatert straffesak. 42-åringen har tidlegare brukt heroin. No går det i amfetamin og hasj.

- Eg er først og fremst flau. For det er berre tull og tøys. Men eg er også forbanna, fortalde han.

Arbeidsledige utan rus

Og det er mange som Bredesen. Politiførstebetjent Gunnar Englund ved Førde og Naustdal lensmannskontor fortel dei ville hatt lite å gjere om det ikkje var for rus og narkotika.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Narkogjengangarar

SJÅ: Her sit Børre Bredesen i Fjordane tingrett for 14. gong.

- Då hadde vi vel vore arbeidslause heile gjengen. Det er mange gjengangarar på vinning og narkotika på ulike nivå. Det er det, seier han.

Mykje rusproblem

Terje Mowatt, sorenskrivar i Fjordane tingrett.

SORENSKRIVAR: Terje Mowatt.

Foto: NRK

Mange blir gjengangarar i rettssystemet. Eit rettssystem der stadig fleire og fleire saker har ein eller annan rusproblematikk i seg.

I mangel av andre verkemiddel har sorenskrivar ved Fjordane tingrett, Terje Mowatt, sett mange narkomane bak lås og slå.

- Det er ikkje berre i straffesaker, men også i barnevernsaker og familiesaker. Eg trur ikkje du klarer å rehabilitere nokon ved å sette dei i fengsel, seier han.

- Må tenkje nytt

Klinikksjef ved Bergensklinikkene, Erling Pedersen

NY RETNING: Klinikksjefen ved Bergensklinikkene, Erling Pedersen, etterlyser ny retning for å hjelpe rusmisbrukarane.

Foto: Aili Maanum Hansen / NRK

Pedersen, som også er leiar i Fagrådet innan rusfeltet i Norge, seier ein må sette verkemiddel i rusmisbrukarane sin situasjon.

  • Pedersen kommenterte problemstillinga ytterlegare i onsdagens Vestlandsrevy.

- Då må ein tenkje tiltak rundt livssituasjon, behandling og ein må tenkje heilt andre baner enn den krigen mot narkomane som ein har sett både i Norge og utlandet siste åra. Og som ikkje har gjeve resultata ein ynskjer, seier han.

Tilpassa straff

Terje Moland Pedersen

TEK PÅ ALVOR: Terje Moland Pedersen.

Foto: John Petter Reinertsen

Statssekretær Terje Moland Pedersen i justisdepartementet viser til «tilbakeføringsgarantien» og meiner dei allereie tenkjer i desse baner.

- Vi er veldig opptekne av at vi skal ha ei straffegjennomføring som er tilpassa dei som sit i norske fengsel. Der har vi også eit godt samarbeid med dei ulike departementa, slik at dei som til dømes slit med rus skal få eit betre tilbod medan dei sit i fengsel og at dei også skal få betre oppfølgjing når dei kjem ut av fengselet, seier han.

- Kvifor straffe?

Men Pedersen i Fagrådet meiner gode intensjonar ikkje er nok.

Han etterlyser ein ny politikk og meiner hjelp til rusmisbrukarane både får dei ut av avhengigheita, får ned kriminaliteten og mindre behov for å straffe rusmisbrukarar.

- Spørsmålet er kva lovbrot dei gjer. Er det det at dei er blitt avhengige av eit rusmiddel som er lovbrotet? Eller er det det at dei gjer kriminelle handlingar som følgje av at dei ikkje har fått hjelp eller mulighet til å endre livsførselen sin, undrar han.