Hopp til innhold

- Rottene ryddar etter oss

Søppelstreiken i Bergen gir rotte-boom. Men bergensarane er dei største skadedyra, meinar rotteforkjempar.

Rotte hjå oppd. Lisbeth Larm

Lite populær blant bergensara flest - men ufortent hata, meinar rotteoppdrettar.

Foto: Stine Hommedal / NRK

Eit lite populært dyr erobrar Bergen.

Søppelstreiken i byen førar til matfest og glade dagar for rottene.

Men Norsk Tamrotteforeining meinar det er bergensarane som er dei største skadedyra.

Stor auke

Forholdet mellom rotter og bergensarar har lenge vore anstrengt.

Det kom eit skip med sjuke rotter til Bjørgvin i 1349, og det gjekk rimeleg dårleg.

No gjer rottene comeback.

På grunn av søppelstreiken i byen spissar rottesituasjonen seg til.

Rotte hjå oppdrettar Lisbeth Larm

Denne tamrotta får maten servert på fat, men artsfrendane i naturen går berserk i utømte bosspann.

Foto: Stine Hommedal / NRK

– Det er me som forsøplar

Men nokon meinar dyra får ufortent mykje tyn.

Rottentusiast og oppdrettar Lisbeth Larm, leiar i Norsk Tamrotteforeining, forsvarar dei pelskledde.

Lisbeth Larm

Lisbeth Larm med ei av sine mange rotter, som bur på eige 'rotterom' heime i Loddefjord.

Foto: Stine Hommedal

– Det rottene gjer, er at dei går og ryddar opp etter oss. Hadde me ikkje hatt rottene, så hadde det vore utruleg mykje meir bos.

Syns du at rottene i Bergen får ufortent mykje tyn?

– Ja, me øydelegg heimane deira, så sjølvsagt må dei komma opp og finna seg ein stad å vera. Hadde me vore flinkare til å ikkje forsøpla, så hadde ikkje me sett så mange rotter oppe i dagen.

Larm meinar rottene fortener meir respekt.

– Dei er fantastiske dyr, tilpassingsdyktige og intelligente, det er difor dei har klart seg i århundre.

Rotte-boom

– Rottene vil reprodusera seg og bli fleire, fordi det er meldt gode temperaturar og dei no har veldig god tilgang til næring.

Det seier Ivar Helgesøy i Cytox, som kjempar mot rottene.

– Det vil bli fleire rotter generelt, og fleire rotter synlege på gateplan.

– Kan bli alvorleg

Leiar i Helsevernetaten i Bergen kommune, Ingvar Tveit, er ingen stor fan av rotte-boomen.

Ingvar Tveit

Ingvar Tveit, leiar i Helsevernetaten i Bergen kommune.

Foto: Stine Hommedal / NRK

– Det kan fort bli alvorleg. Men me sjekkar dette kvar dag, og til no har me konkludert med at det ikkje er helsefare for Bergens befolkning, for så langt har det vore lite matavfall direkte på gata.

– Pakk det godt i saman

Men om du ikkje ynskjer rottefest i bakgården, stillar Helsevernetaten i Bergen med fylgjande tips.

– Ein bør reservere bosspannet til matrestane, og ein bør pakka avfallet godt inn. I tillegg bør ein prøva å minimalisera kastinga, så godt det let seg gjera.