Hopp til innhold

- Rekdal stigmatiserer heile fylket

Sogndal Fotball slår tilbake mot Kjetil Rekdal, som raste etter at han fekk eit pappbeger i ryggen på laurdag.

Yngve Hallén
Foto: NRK

- Det var ein enkeltperson som stod bak, og han vart sendt ut av stadion med ein gong. Så går Rekdal ut og stigmatiserer heile publikumet frå Sogn og Fjordane, seier Yngve Hallen, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Rekdal: - Norges mest bedritne fotballpublikum

Lang historie

For når Rekdal først snakka om Sogndal og publikumet deira kom det mykje på ein gong.

- Sogndal som sendte Vålerenga med Rekdal på laget ned i 1. divisjon i 2000.

- Han meinte nokon hadde kasta noko på han i Vålerenga sin seriekamp på Fosshaugane i 2003.

- Foreldra hans hadde vorte skjelt ut på det grovaste på tribuna under Vålerenga-kampen i 2004.

- Eit allereie nedrykksklart Sogndal kjempa seg til 0-0 på Ullevaal i 2004 og hindra Vålerenga i å ta seriegull.

- Dei gjekk jublande av bana etter den kampen. Det handlar vel om mindreverdigheitskompleks, sa Rekdal.

Gratulasjonar frå Vålerenga

- Det med Vålerenga er vel som ein raud klut for dei. Men telefonen min er full av gratulasjonsmeldingar frå Vålerenga-folk. Det virkar ikkje som om dei håpte at Sogndal skulle rykke opp, sa Rekdal rett etter kampen.

- Skaper motreaksjon

- Når han går ut slik og ramsar opp tydelegvis negative opplevelsar han har hatt med Sogndal, dei fleste sportslege, så skaper det ein motreaksjon som gjer at Kjetil Rekdal ikkje hamnar på topp ti-lista til mange, seier Hallén.

Sogndal sikra seg ikkje namnet til begerkastaren før han vart ført ut av stadion, men Hallén seier dei har vitner som kan identifisere han. Kva konsekvensar dette får for vedkommande vil Sogndal Fotball ikkje seia noko om.