Erling Sande. Arkivfoto NRK
Sande meiner ordningane for startkapital til nye bedrifter er blitt dårlegare. Og han meiner å ha støtte frå næringslivet. For ei ny undersøkjing frå Sentio viser at 72,1 % av bedriftsleiarane på Vestlandet er misnøgde med ordningane for startkapital for verksemder. Dette er litt høgare enn talet på landsbais.
- Blir starta færre bedrifter
- I Sogn og Fjordane har vi mange med gode idear, og som ynskjer å omsette ideane i arbeidsplassar. Så kjem desse kutta i startløyvingane, og dermed blir det starta langt færre nye bedrifter, og det er synd, seier Erling Sande.
- Absurd med Høgre-regjering
Og at ordninga er dårlegare no enn før, blir stadfesta av Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane. Fylkesdirektør Halvor Flatland seier at dei no har mindre å rutte med til nye bedrifter. Og Sande tykkjer det er absurd at det er ei regjering med næringsvenlege Høgre som er dei siste til å høyre på næringslivet.
Omlegging ikkje for "ufødde" bedrifter
Og heller ikkje omlegginga av rammevilkår og ordningar for skattelette, som er meint å kompensere, kjem nye bedrifter til gode, seier Halvor Flatland. - Desse ordningane fungerer bra for eksisterande bedrifter, men ikkje for dei "ufødde" bedriftene.