Hopp til innhold

- Problematisk sjudagersregel

Det er blitt eit samfunnsproblem at folk held seg heime med mistanke om svineinfluensa.

Petter Øgar.

Fylkeslege Petter Øgar trur styresmaktene vil lempe på sjudagarsregelen i samband med svineinfluensaepidemien.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Berre ein av ti som vert testa for influensaen, er råka av sjukdomen. Mange held seg difor grunnlaust borte i ei heil veke.

- Mange av dei som viser seg at dei faktisk ikkje har svineinfluensa, kunne kome attende på arbeid mykje tidlegare enn etter sju dagar, seier fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Petter Øgar.

Unødig sjukefråver

Så langt har 50 personar fått stadfesta influensaen i Sogn og Fjordane. På landsbasis hadde 1096 personar fått stadfesta smitta, ifølgje statistikken til Folkehelseinstituttet. Øgar deler Tom Knudsen i NHO Hordaland sin uro for eit unødvendig sjukefråver .

- Det er klart at når det viser seg at så mange faktisk ikkje har denne sjukdomen, men likevel er vekke ganske mange dagar frå jobb, så er det eit økonomisk problem for arbeidsgjevar og for samfunnet, seier han.

Regel kan bli endra

Det er folkehelseinstituttet og helsedirektoratet som i klare ordelag rår folk som fryktar dei har svineinfluensaen, til å halde seg heime i sju dagar.

- Så lenge vi ynskjer å halde smitten minst mogleg spreidd i samfunnet, så har det ført til denne handlingsregelen. Når dei fleste fom følgjer den regelen faktisk ikkje har svineinfluensa, så har vi eitt problem, seier Øgar.

Sjølv om ein framleis står lojalt ved sjudagersregelen, utelukkar ikkje Øgar at den blir lempa på, slik den er blitt i Sverige og Danmark.