Trude Brosvik. Arkivfoto Randi Indrebø NRK
No vil Brosvik ha sin partikollega på Stortinget, Per Steinar Osmundnes, til å ta saka opp i landets øvste politiske organ.
Inntil for tre år sidan kunne ein fritt endre adressa som sto på konvolutten, og så sende brevet vidare med Posten - utan å betale ei krone.
Eivind Rossen er informasjonssjef i Posten Norge. Han ser det som lite sannsynleg at dei vil endre på dette, men han vedgår at profitt er motivet for portopraksisen.
Stortingsrepresentant Jorunn Ringstad meinar KrF-ordførar Trude Brosvik har sitt eige parti å takke for at posten no tek seg betalt for omadressering av post.
Jorunn Ringstad
- Eiga regjering står bak
Ringstad frå Senterpartiet reagerer på at Brosvik klagar på at posten let profitt gå framføre service. - Det er hennar eiga regjering som har fått igjennom at posten skal verte aksjeselskap. Og som aksjeselskap er ein pålagt å drive forretningsmessig, seier Ringstad.