Hopp til innhold

- Pengane renn ut av buet

Både Vik og Bremanger håpar at det skal vere pengar i konkursbuetbuet etter Terra Securities, slik at noko av restane etter kommunane sine skandaliserte pengeplasseringar kan bergast.

Terra Securities
Foto: Scanpix

Men i fylgje Finansavisen kostar bubehandlinga med advokatar og konsulentar så mykje som tre millionar kroner i månaden og det kan ta år før alle avklaringar er gjort.

I fylge bubestyrar Jon Skjørshammer er eit titals personar engasjert i å gå gjennom konkursbuet. I tillegg kjem ei rekkje rådgjevarar.