Hopp til innhold

- Oversåg halvdaude kattar

Mattilsynet får skarp kritikk for å oversjå halvdaude kattar på tilsynsbesøk. Seks dagar etter at Mattilsynet hadde tilsyn på ein gard i Indre Sogn, reiste Dyrevernlaget på ei eiga synfaring.

Blind kattunge

Ein av kattane som Dyrevernlaget fann i Indre Sogn. Biletet er teke etter at katten er avliva.

Randi Aarethun i Dyrevernlaget er enno opprørd over det som då møtte dei.

– Vi fanga seks kattungar som vi tok inn til dyrlegen. Og det var forferdelig å sjå kor sjuke dei var. Heile gjengen var blinde, og dei gjekk etter lukta. Dyrlegen sjekka dei, men vi kunne ikkje redde dei. Så dei vart avliva.

– Og dette er berre få dagar etter at mattilsynet hadde vore der, seier Aarethun.

Mattilsynet fann ikkje noko gale

Distriktssjefen for Mattilsynet i Indre Sogn, Trine Hellan, stadfester at dei hadde tilsyn på garden i slutten av august i år. Dei fann då talet på kattar for høgt, og på eigarens eige initiativ vart dei samde om at han sjølv skulle redusere mengda. Helsa til kattane vart ikkje sett på som eit problem.

– I dette tilfellet vart kattane vurderte til å vere i god form, og dei fekk mat.

– Er det mogleg at de har oversett noko ?

– Når dei er ute, kan det vere kattar vi ikkje ser akkurat der. Vi ser ofte at det kan vere forskjellar i talet ein oppgir, seier distriktssjefen for Mattilsynet.

Aarethun i Dyrevernlaget meiner mattilsynet må undersøkje meir.

– Kvifor såg vi dei, og ikkje dei dei ? Det var jo på same plassen.

Kjenner ikkje saka

Hellan kjenner ikkje denne enkeltsaka godt nok til at ho kan kommentere om Mattilsynets utsendte gjorde eit grundig nok arbeid.

– Det er ein påstand eg må undersøkje nærmare og høyre med dei som har vore der kor godt dei har undersøkt kattane.

– Dyrevern må ut av Mattilsynet

Dyrevern må ut av Mattilsynet om situasjonen skal betrast, meiner Dyrevernlaget Indre Sogn. Dette er dei ikkje aleine om. Odd Harald Eidsmo, som er informasjonssjef i Dyrebeskyttelsen Norge, meiner at dyrevern er nedprioritert i eit tilsyn som primært arbeider med mat.

Trine Hellan seier at Mattilsynet legg ned mykje resursar i dyrevern.

– Om vi kunne gjort betre og meir vil alltid vere ei vurdering av korleis vi skal disponere ressursane våre, seier ho.