
Frode Grodås. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen/SCANPIX
Grodås fekk dermed spelaren som sto øvst på ynskjelista. - Eg er veldig glad for at det ordna seg til slutt, Tommy var den eg ynskte meg mest av alle spelarar, seier Grodås, som stadfestar at Øren skal erstatte Petter Vågan Moen. - Han skal erstatte han og vel så det, seier den tidlegare landslagskeeperen frå Hornindal, som no trenar Ham-Kam. Grodås seier at han har tiltenkt Tommy Øren ein sentral rolle i laget.
- Strekt oss langt
Ingen av partane vil gå ut med overgangssummen, men Ham-Kam har strekt seg langt for å sikre seg Tommy Øren, seier Frode Grodås. Kontrakten på fire år er alt ferdigforhandla, og berre den medisinske testen og den formelle underskrivinga står igjen før 25-åringen er klar for tippeligaspel med Ham-Kam.

Tommy Øren. Arkivfoto
- Rette karrieresteget
Øren sjølv ferierer for tida på Gran Canaria, men rådgjevar Bent Arild Raknes fortel at årdølen er glad for at overgangen no er i orden. - Han meiner dette er det rette karrieresteget, det er viktig å få spele i Tippeligaen, og avstanden heim til Sogn tel og litt, seier rådgjevaren.